Kva skal idrettslaget gjere?
• Styret skal krevje politiattest av alle tilsette og frivillige som skal utføre oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
• Styret skal nemne opp ein person som er ansvarleg for å handtere ordninga med politiattest i idrettslaget. Det skal også nemnast opp ein vararepresentant.
• Styret må informere om ordninga på idrettslaget si heimeside. Namn og kontaktinfo på personane som skal handtere ordninga i idrettslaget skal gå fram der.
• Idrettslaget må fastsette kva for oppgåver og kva for personar som er omfatta av ordninga.
• Personen nemnt opp av styret skal informere aktuell(e) person(ar) om at vedkomande må ha politiattest.
• Personen nemnt opp av styret skal sende inn søknad om politiattest til politiet. Søknaden må skrivast under av søkaren og av personen nemnt opp av styret . Politiet sender attesten til den enkelte søkar.
• Alle som skal ha politiattest må vise fram attesten for personen nemnt opp av styret.
• Personen nemnt opp av styret skal lagre opplysningar om kva for personar det er kravd politiattest for, at attesten er vist fram og dato for framvising. Sjølve attesten beheld søkaren.
• Idrettslaget skal ikkje gi oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming til personar som ikkje viser fram politiattest eller som har merknad på attesten.
• Idrettslaget kan når som helst kontakte NIF for råd og rettleiing i desse sakene ved å ta kontakt med sin idrettskrets eller sende e-post til politiattest@idrettsforbundet.no
Politisk grunngiving
Idretten skal vere ein trygg stad å vere for alle, og særleg for barn. Dessverre har det i dagens samfunn vist seg nødvendig å kontrollere vaksne som utfører oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige. Stadig fleire institusjonar og verksemder har innført politiattest, og frivillig sektor følgjer etter. Idrettsstyret ønskjer aktivt å motarbeide seksuelle overgrep innan idretten og ser på innføring av politiattest som eit virkemiddel for å avgrense høve for slike overgrep.
Idrettsstyret har valt å gjere ordninga obligatorisk for at det skal vere lik rett til likt vern for alle barn, og for i størst mogleg grad å fjerne tilfeldig, skjønnsmessig handsaming av eit såpass følsamt tema.
Det har vore Idrettsstyrets ønskje at ordninga med politiattestar i idretten ikkje unødig skal belaste organisasjonen, ikkje mistenkeleggjere eller stigmatisere enkeltpersonar eller avgrense idrettslaga si primære oppgåve - å skape idrettsglede og meiningsfylte fellesskap.
Bakgrunn
Idrettsstyret har med heimel i strafferegistreringsforskrifta § 12 nr.4 p) vedteke at alle idrettslag frå og med 1. januar 2009 plikter å hente inn politiattest for personar som skal utføre oppgåver for laget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Dette gjeld både personar som skal ta på seg nye oppdrag for laget og personar som er i eit ståande oppdrags-/tilsettingstilhøve for laget.
Idrettsstyret har gjort dette vedtaket for å sikre at alle mindreårige og menneske med utviklingshemming i norsk idrett får lik rett til likt vern. For idrettsstyret er det eit overordna ønskje at norsk idrett skal vere ein trygg stad å vere for alle.
Det er berre idrettslaget sitt hovudstyre som kan krevje politiattest og ikkje grupper eller utval i laget.
Kva for opplysningar går fram av politiattesten?
Politiattesten inneheld opplysningar om ein person for tida er sikta/tiltalt eller tidlegare er gitt førelegg/dømt for brot på enkelte føresegner i straffelova om seksualbrotsverk.
Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å hente inn politiattest for andre straffbare tilhøve.
Kven går inn under ordninga?
Politiattest skal krevjast av personar som skal utføre oppgåver for idrettslaget som
medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Med mindreårige er meint barn og unge under 18 år.
Personen treng ikkje vere tilsett eller skal tilsettast i idrettslaget. Det avgjerande er om vedkommande skal utføre oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Det er ikkje eit krav at personen tek mot løn for oppdraget. Ulønna frivillig aktivitet er også omfatta av ordninga.
Personar under 18 år skal også krevjast for politiattest. Den nedre grensa er 15 år.
Det er ikkje all kontakt med mindreårige /menneske med utviklingshemming som gir grunnlag for å krevje politiattest. At personen har med barn å gjere er ikkje tilstrekkeleg. Oppgåva må medføre eit tillits- eller ansvarstilhøve. Med dette meiner ein normalt at:
• oppgåva vil gi eller sette personen i ein posisjon i høve til mindreårige / menneske med utviklingshemming som gjer overgrep mogleg, og at
• oppgåva vil gi eller sette personen i ein slik posisjon over litt tid, enten samanhengande eller fleire gonger med jamne mellomrom.
Trenarar, instruktørar og lagleiarar som skal ha direkte kontakt med mindreårige eller menneske med utviklingshemming går inn under ordninga.
Det er alltid personen sine faktiske oppgåver og funksjon som må vurderast, og ikkje tittelen.
Dersom personen tek på seg andre oppgåver i same idrettslag, t.d. for eit nytt lag etter ein sesong, vert det ikkje kravd ny politiattest. Tek personen på seg oppgåver for eit anna idrettslag, må vedkomande søke på ny og vise fram politiattest hjå det nye idrettslaget. Det same gjeld dersom personen har vore borte frå idrettslaget i ein periode og deretter tek på seg nye oppgåver for idrettslaget.
Om ein person går inn under ordninga eller ikkje, må alltid vurderast frå gong til gong. Dersom idrettslaget er i tvil, bør det heller sjekke ein gong for mykje enn ein gong for lite, men idrettslaget kan ikkje krevje politiattest av einkvar person idrettslaget måtte ønskje. Det må ligge føre eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindre-
årige eller menneske med utviklingshemming.
Sjå nærare om dette på NIFs heimeside
www.idrett.no/tema/politiattest
Korleis skal politiattesten hentast inn?
Idrettslaget er pålagt å hente inn politiattest frå dei som skal ta på seg eit oppdrag for idrettslaget.
Den aktuelle personen må skrive under på eit eige søknadsskjema som skal leverast til idrettslaget, sjå nedanfor. Søknadsskjemaet kan lastast ned frå www.idrett.no/tema/politiattest. Idrettslaget må også skrive under på skjemaet før det vert sendt til det lokale politidistriktet. Idrettslaget bør sende fleire søknader i ein samla bunke.
Handsaminga av ein søknad om politiattest kan ta litt tid. Søknad bør sendast i god tid før det aktuelle oppdraget startar. Idrettslaget har ikkje høve til å sette person til oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming før politiattest er vist fram.
Politiet sender attesten til den aktuelle personen i posten. Når attesten er teken imot må vedkomande vise fram attesten for idrettslaget.
Innhenting av politiattest er gratis.
Idrettslaget si handtering av politiattestar
Idrettslaget sin informasjon til medlemmer, tilsette og frivillige.
Idrettslaget skal informere om ordninga til alle medlemmer/føresette. Det same gjeld frivillige og tilsette. Idrettslaget skal også informere om ordninga på sine heimesider. NIF har utarbeidd eit standardskriv og standardtekst til bruk på heimesida som kan lastast ned frå NIFs heimeside www.idrett.no/tema/politiattest
Oppnemning av ein person med vara som handterer politiattest.
Idrettslaget sitt styre må nemne opp ein person som er ansvarleg for handtering av saker knytt til politiattestar (den styreoppnemnde) samt ein vararepresentant. Dette skal enten vere to styremedlemmer i hovudstyret eller ein styremedlem i hovudstyret og dagleg leiar. Begge kjønn skal vere representert og begge sine namn og kontaktinfo skal gå fram på idrettslaget si heimeside. Begge representantar har teieplikt overfor uvedkomande i høve til dei opplysningar dei får kjennskap til. Sjå nærare om dette på NIFs heimeside www.idrett.no/tema/politiattest
Korleis handsamar idrettslaget ein politiattest utan merknad?
Ein attest utan merknad skal visast fram for den styreoppnemnde, eventuelt vararepresentanten. Dersom verken den styreoppnemnde eller vararepresentanten er tilgjengeleg, skal attesten visast fram for styret sin leiar. Attesten skal berre visast fram og skal aldri lagrast hjå idrettslaget.
Dersom det ikkje er mogleg med ein personleg framvising kan attesten sendast i posten, men berre etter ein særskild avtale med den styreoppnemnde. Etter at den styreoppnemnde har sett attesten, skal den makulerast.
Den styreoppnemnde skal skriftleg notere ned opplysningar om kva for personar som på kva for tidspunkt har vist fram politiattestar utan merknad. Desse opplysningane må lagrast på en forsvarleg måte.
Korleis handsamar idrettslaget ein politiattest med merknad?
Ein attest med merknad betyr at den aktuelle personen har ein dom eller for tida er tiltalt/sikta for seksualbrotsverk. Vedkomande skal difor ikkje settast til oppgåver i idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming.
Ein attest med merknad skal visast fram for den styreoppnemnde, eventuelt vararepresentanten. Dersom verken den styreoppnemnde eller vararepresentanten er tilgjengeleg, skal attesten visast fram for styret sin leiar. Attesten skal berre visast fram, og skal aldri lagrast hjå idrettslaget.
Den styreoppnemnde skal ta kontakt med NIF sentralt på e-post politiattest@idrettsforbundet.no for rettleiing.
Ein politiattest med merknad inneheld sensitive opplysningar. I idrettslaget er det berre den som har fått vist fram politiattesten for seg som skal kjenne til innhaldet i attesten. Informasjonen som er på politiattesten skal handsamast heilt konfidensielt.
Korleis handsamar idrettslaget ein person som ikkje ønskjer å hente inn politiattest?
Viss idrettslaget ber om ein politiattest, men den aktuelle personen ikkje ønskjer å hente den inn, skal idrettslaget ikkje nytte vedkomande til oppgåver i idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige / menneske med utviklingshemming.
Den styreoppnemnde skal notere ned at vedkomande har lete vore å levere inn politiattest, og oppbevare opplysningane på forsvarleg måte.
Korleis behandlar idrettslaget ein person som er tilsett eller skal tilsettast i idrettslaget?
Før tilsetting
Det skal gå fram av stillingsannonsen at vedkomande stilling krev at politiattest vert vist fram. Politiattest kan krevjast berre av den personen som får tilbod om ein stilling, og ikkje av alle søkarar til stillinga.
I eit ståande tilsettingstilhøve
Dersom ein person alt er i eit ståande tilsettingstilhøve med idrettslaget og vedkomande hentar inn ein politiattest med merknad, kan dette få innverknad for tilsettingstilhøvet . Den styreoppnemnde skal straks ringe NIF sentralt for rådgiving i saka.
Korleis skal idrettslaget handsame opplysningar som går fram av politiattesten?
Ein politiattest utan merknader inneheld personopplysningar. Ein attest med merknader inneheld i tillegg sensitive personopplysningar. Handsaming av personopplysningar er underlagt personopplysningslova, og lova stiller krav til handsaming (lagring, utlevering osv) av slike opplysningar.
Sjå nærare om dette på NIFs heimeside
www.idrett.no/tema/politiattest
Idrettslag som ikkje hentar inn politiattestar
Alle idrettslag plikter å hente inn politiattestar frå personar som har eller får eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Idrettslag kan sanksjonerast etter NIFs lov kapittel 11 dersom dei let vere å følgje dette pålegget.
Idrettslaget har ikkje rett til å omgå Idrettsstyrets krav om innhenting av politiattest, ved t.d. å hente inn ein eigenerklæring frå den aktuelle personen der vedkomande blir beden om å erklære at han/hun har reint rulleblad.
Rådgiving og informasjon hos NIF
Alle idrettslag er velkomne til å kontakte NIF for råd om innhenting og handtering av politiattestar.
NIF kan kontaktast per e-post til
politiattest@idrettsforbundet.no.
Formålet med ordninga er å hindre at personar som for tida er sikta/tiltalt eller tidligare straffa for seksualbrotsverk kjem i ein posisjon der dei kan gjere nye overgrep. Innhenting av politiattest er aldri tilstrekkeleg for å bidra til å fjerne faren for at mindreårige vert utsette for uønska handlingar frå andre. Det handlar like mykje om førebygging, openheit og praktiske ordningar i idrettslaget for å hindre seksuell urett.
Denne rettleiaren kan lastast ned frå NIFs heimeside www.idrett.no/tema/politiattest. Der finn du også meir informasjon om ordninga med politiattestar og kan blant anna få svar på ofte stilte spørsmål og informasjon om praktisk førebyggande arbeid i idrettslaget.
På heimesida er også ein standardsøknad idrettslaget kan bruke for å hente inn politiattest og standard informasjonsskriv m.m.